Det var ein gong eit gardstun i Stryn, omgitt av frodige epletre og søte lam, rett ved eit vatn like krystallblått som Briksdalsbreen på ein solskinnsdag.
Dette gardstunet har vi teke vare på, sånn at du som besøker oss kan få oppleve det same eventyret som vi er så heldige å bu midt i. Vi gler oss til å ønske deg velkomen!
Helsing Helene og Espen
Aarneset gardstun er ein gamal lensmannsgård ved Oppstrynsvatnet med mykje historie. Dei gamle husa har ulik alder frå 1700- og 1800-talet. Lensmannskontoret vart dreve på garden fram til byrjinga av 1900-talet. Folk kom til garden med dampbåt for å komme i kontakt med lensmannen, som også var ordførar og stortingsmann.
I dag er det tippoldebarnet til lensmannen, Espen Aarnes og Helene Maurset som eig og driv garden med sauehold og overnatting. Det er totalt fire utleigeenheter.
Anten du har sju somrar eller femten vintrar i kroppen gjer det alltid godt med eit besøk i saunaen etter å ha bada i Oppstrynsvatnet.
Vår sauna er open året rundt, til glede for alt frå dei som driv med isbading i Nordfjord til dei som berre vil finne på noko i Stryn om sommaren. Det er ikkje bevist, men vi trur at vi kanskje har Noregs vakraste utsikt frå saunaen vår.
Kom og sjå sjølv, så kan det bli opp til deg om det er rett!
Nyt ei stund i vår sauna
Det er mykje å finne på i Stryn, og ved Oppstrynsvatnet har du verdas beste base for naturopplevingar i Stryn – året rundt.
Vi har kajakk og SUP-brett til utleige, og vi syner deg gjerne veg til spennande fotturar alt ettersom kva du ønskjer å oppleve.
Aarneset gardstun ligg i nærheit til attraksjonar som :
-Briksdalsbreen
-Kjenndalsbreen
-Jostedalsbreen Nasjonalparksenter
-Fjellturar til Skålatårnet, Storskredfjellet og Kyrkjenibba
-Loen Skylift
-Via Ferrata i Loen
-Stryn Sommerski
-Geiranger
-Stryn sentrum med gode shoppingmoglegheiter, restaurantar, symjehall og kino
Aarneset gardstun er eit gardstun med sjel og mykje historie. Under kan du lese den, fortald av Lisbet Årnes – oldebarn av lensmannen som budde her på tidleg 1900-tal.
Gamle hus i Nordfjord som står på rekke, er ikkje eit sjeldant syn. Som mange andre har også desse ulik alder frå 1700- til 1800-talet. Det minste huset mot aust, er kanskje det eldste. Det er todelt og oppmura med gråstein, og vart brukt som eldhus til bakst, røyking og grovkjøkken. Om sommaren flytta dei som budde på garden alle kjøkkenaktiviteter til eldstova, då dei tjukke veggane og graset på taket gjorde det til ein sval stad å vere.
Typisk for denne stova, er at dei er bundne saman med to bøter, og har ein heilt spesiell ovn som var laga i stein. Røyken gjekk då opp i taket og ut ljoren, og difor er taket svart av sot den dag i dag. Alle budde i denne stova. Der arbeidde dei med handverk om vinteren, der sov dei og åt sine måltid. Stova har alltid hatt langbord og benker, og er mykje brukt ved større samankomster.
Den andre halvdelen er av tømmer. Her finn vi eit soverom oppe, og eit kontor nede – nytta av to generasjonar frå 1800-talet og heilt til 1960-åra. Sigmund og Kolbein Aarnes var dei som nytta kontora, då i rolla som stortingsmenn, ordførar og lensmann. Difor var eit kontor viktig på garden, og det måtte ligge sentralt til i Stryn. Den gongen var det ein dampbåt som gjekk på vatnet, og la til land ved bryggja i Aarnes. Nordfjordstova var typisk byggeskikk på 1800-talet, men dessverre har mange måtte vike for å gje plass til nye og moderne hus.
Telefon: +47 92860140
Opp
Alle rettigheiter forbeholdt: Aarneset Gardstun
Nettstad: Kodebonden